Endelig! Dette tabubelagte temaet har opptatt meg i mange år. Eg har diskutert det med nokre få menneske. Kun dei eg har full tillit til, for dette er ikkje eit tema det er lett å snakke om. Eg har alltid vore forsiktig med å uttale meg når temaet angår det å bli forelder, det å få barn. Eg sit nemleg i glashus: Eg har fire barn.
Eg er fødd i 1970, og ser ein mi historie frå eit historisk perspektiv skjønar ein lettare kvifor eg har brukt “trå varsomt”-regelen rundt dette temaet:
Etterkvart som den moderne, vestlege ( og, etter mi meining, svært unaturlege og usunne) livsstilen har fått solid fotfeste i etterkrigstida har nye plager, folkesjukdomar og problem dukka opp i kjølvatnet. Ufriviljug barnlause er eit av dei.
Å gjere seg til herre over liv og død
Eg har alltid vore ein “moderat” abortmotstandar: Eg meiner bestemt at vi menneske ikkje har lov å ta livet til andre menneske! Likevel forstår eg sjølvsagt at det utfrå livssituasjonen kan sjå ut som den beste løysinga. I alle fall den enklaste – til tross for at det å ta abort langt frå er enkelt.
Vetskapen har bidrege til at vi i dag kan halde liv i nærast kven som helst. Vi har tillete vetskapen å utvikle seg så formidabelt som den har. I kjølvatnet kjem ansvaret. Vårt ansvar. Mitt og ditt. Først når det gjeld vårt eige liv. Vi må ta stilling til kva vi ønsker dersom vi ein dag er utsatt for ei ulykke eller sjukdom som svekker vår evne til å seie vår meining. Ønsker du å bli helde liv i med hjelp av maskiner? Kvifor? Kva slags belastingar vil det føre til? For dine næraste sin psykiske helse og økonomi? For andre menneske med behov for sjukehusplass? For samfunnsøkonomien? For planeten vår? Kva kostar det å halde deg i live?
Dersom dine gamle foreldre ikkje har gjort seg opp ei meining omkring dette, og det ein dag blir ditt ansvar å ta beslutninga, kva vil du gjere? Kvifor?
Det vanskelegaste er å stille dei same spørsmåla når det gjeld barna dine. Ønsker du å halde liv i barnet ditt med hjelp av maskiner? Kvifor? Kva slags belastningar vil det føre til?
Nok ein ubehageleg sanning
Artikkelen i Magasinet snakkar om overbefolking som ei av dei største trugsmåla mot miljøet. Den snakkar om familieplanlegging. Igjen er det nokon som påstår at “dei andre” må ta ansvar. Det er ikkje bare unge vaksne, kvart individ som ønsker seg ein familie, som må ta ansvar for å redusere befolkinga. Spørsmålet er mykje meir ubehagelig:
Familieplanlegging er eit vidt begrep som omfatter alle med familie og alle som ønsker seg familie, og vi må ta ansvar som individ og tenke gjennom desse spørsmåla. Still deg spørsmålet “kvifor” i denne samanhengen. For kvart svar du gjev til spørsmålet “kvifor” må du stille det igjen. Bryte det heilt ned. Du må nå botnen av deg sjølv, det innerste, essensen av din etikk, essensen av deg. Rett og gale. Som forelder i dag er det vårt ansvar å lære våre barn å stille seg dei same spørsmåla. Ein del av oppdraginga er å vise barna veg til sitt innerste slik at dei er kapable til å svare på ubehagelege spørsmål ein dag.