16. juli 2011

Bedåra

Ein morgon på Søreide tidleg i mars 2011.

Han trengte å treffe denne kvinna. Kvinna som følte så sterkt og ikkje klarte å skjule følelsane sine. – Ho hadde alltid sagt at ho ikkje egna seg som pokerspiller fordi ho blei så hoppande glad når ho fekk gode kort.

Han måtte lære at alle hennes følelser var ein ekte reaksjon på noko ho opplevde.

“Blir du bedåra?”

Han sit i fotenden av senga med det eine beinet under seg. Ho ligg utstrekt på sida, tvers over senga. Ho pleide å kommentere det kvar gong han tok på seg noko lyseblått, at augene hans blei så utrulig blå. Han hadde akkurat tatt på seg en av gensarane som gav den effekten.

I det han navngjev følelsen aktiverer han den i henne og den blir forsterka. Kroppen hennar reagerer instinktivt og gjev uttrykk for bedåring:

Ho må slå blikket ned, og vrir seg fnisande og forlegen litt vekk fra han.

“Ja”, svarer ho.

Han slår armane varmt og beskyttande om henne, og ler ein inderleg og øm latter:

“..og så klarer ho ikkje å skjule det”, seier han, ut i universet.

 

Ingen kommentarer: