4. juli 2011

Søndagskjensla

 

2011-07-03 006

Eg vakna av meg sjølv. Kom gradvis “tilbake”. Strekte kroppen godt. Ei riktig god kjensle byrja å bre seg i meg: Søndagskjensla. Som ein gamal venn eg ikkje har sett på årevis kom kjensla att. 

Å få høve til å bygge opp fundamentet til sin eigen bedrift og arbeidsplass medan eg har vore heime, i kombinasjon med studier og morsrolla, har vore eit fantastisk privilegium. Eg fyllest av takksemd. Takksemd til eigne talent, evner og eigenskaper. Takksemd til mine nære og kjære for deira tålmod og støtte. Takksemd til medmenneske rundt meg som på ulike vis bidreg. Takksemd til velferdsstaten Norge og NAV, som trass uverdige satsar likevel er hovedårsak til at mine draumar og ambisjonar no får liv. Takksemd til rutine og ansvar som no gjev meg denne deilige kjensla av velfortjent kvile att –søndagskjensla Smilefjes 

Det er berre ein ting å gjere: Sette seg i hagen og skrive om det Smilefjes

Ingen kommentarer: