12. august 2011

“For livets glade gutter går solen aldri ned”

Minneord. Einar Nilsen 25.02.70.-11.08.11.
Eg starta dagen med å skifte status på FB til “Lykke”. Lykka vart brått til sorg då dødsbudskapet kom. Einar, gladguten, er død.
Eg var ikkje av dei som sto Einar nærast, men Einar var av dei som har vore i livet mitt lengst. Vi fikk kjenne kvarandre i 37 av våre 41 år.
Også når ein står tilbake passerar livet, vårt felles liv, i revy. Sjølv er eg midt i flytting, og i og mellom slaga i dag har minnene eg har knytt til Einar dukka opp. Det eine etter det andre. Tårene har trilla, men minnene har kvar gong fått smilet tilbake.
Eg vil dele mitt aller første og mitt aller siste minne:

Elvaneset, midt på 70-talet.
Pappa hadde hatt bursdag og mellom anna fått ein hammar i gåve. Morgonen etter, før nokon hadde stått opp, fann eg, Einar og Agnar ut at den måtte høve ypperlig til å hakke ut kråkesølv (som heilt sikkert var verdifullt) i bergveggen nedafor Evebøfoss-fabrikken. Eg hugser ikkje kor stor skatten var, men eg hugser spenningen med å klatre i den veldig bratte steinskrenten som enda i fjæresteinane langt der nede. Og eg hugser kor lei seg pappa blei då eg (etter mykje roping og leiting) endeleg dukka opp med den ødelagde hammaren.

Sandane, forrige tirsdag:
Været var fint og køen lang hos “Bakaren”. Eg sto endeleg fremst i køen og skulle til å betale då eg hørte ein umiskjenneleg stemme langt bak meg:
    “Du, Anna-Carin”
Eg snudde meg
    “Kom her litt”, sa Einar, og vinka meg til seg.
“Vent to sekund, Einar”, eg betalte og fann han igjen midt i køen. Han var magrare enn nokon gong før. Vi klemte kvarandre og snakka litt om korleis vi hadde det. Eg fortalde at eg skulle flytte ut til Johnny og han gleda seg over det. Gjennom våren og sommaren har vi snakka fleire gonger om Soriahuset (firmaet eg held på å starte opp i lag med Lisa) og han beklagde at han enno ikkje hadde besøkt meg der. Han ville snart ta seg ein tur. Eg spurte om han ikkje kunne ta litt betre vare på seg sjølv, og han svarte med det herlige smilet og glimtet i augene:
    “Jamen det gjer eg no, veit du”
Smil. Latter. Glimt i augene. Snill. Det er orda som kjem først når eg tenker på Einar.
I natt skin det eit gult lys på Gimmestad i Einar sitt minne. Eit solgult lys. Slik vil eg hugse han: Som ei skinande sol.
Mi varmaste medkjensle går til Einar sin familie.
Kvil no, Einar, og send meg litt sol når eg treng det.

Ingen kommentarer: